Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Fra venstre Thomas Pogge, professor ved Yale University, Kira Vinke ved Potsdam Institute for Climate Impact Research, Tore Furevik, direktør for Bjerknessenteret, Kjersti Fløttum, professor ved UiB, jurist Jaap Spier og Eystein Jansen, professor ved UiB. Foto: Gudrun Sylte

Jussen inn i klimasaka

Kan jussen komme klimakampen til unnsetning? Bjerknessenteret og UiB deltok på eit arrangement i regi av UNESCO under klimatoppmøtet i Paris.

Body

– Statar har ei juridisk plikt til å unngå ei klimakatastrofe, sa Thomas Pogge, professor ved Yale University, då han saman med ei rekke internasjonale kollegaer la fram The Oslo Principles on Global Climate Obligations under klimatoppmøtet i Paris denne veka. 

Medan forhandlarane på klimatoppmøtet i Paris jobbar i dei siste timane med å få i land ein klimaavtale, er det nokre land som ikkje ønsker seg ein juridisk bindande avtale. Det har dei truleg god grunn til, for det siste året har jussen satt sitt preg på klimakampen.

Eit nytt perspektiv i klimasaka dette året er det juridiske. Fleire stader har det dukka opp saker der statar har blitt skulda for ikkje å gjere nok for å beskytte innbyggjarane mot farlege klimaendingar. I juni vart Nederland saksøkt av organisasjonen Urgenda Foundation for å vere uaktsam.  I retten fekk Urgenda støtte i sitt syn, staten Nederland har ikkje gjort sitt beste for å kutte utslipp. Dette har staten anka.

Også i Pakistan har ein bonde saksøkt staten for å ikkje innføre den klimapolitikken og det rammeverket staten hadde vedtatt. Også i staten Washington har klimaendringar blitt tatt for retten.
 

Osloprinsippa

For eit par år tilbake satte juristen Jaap Spier og filosofen og samfunnsforskaren Thomas Pogge seg ned i ein lunsj og diskuterte korleis ein kan gå gjennom internasjonal rett, menneskerettar og andre overbyggande lovar, for å sjå på korleis internasjonal overbyggande juss stiller krav til nasjonar sine pålegg om å redusere utslepp av drivhusgassar.

– Arbeidet tok utgangspunkt i ei uro for korleis politikarane fører ein politikk som fører oss utanfor stupet. Kva kan me som juristar gjere, sa Thomas Pogge, Leitner Professor of Philosophy and International Affairs.  Han er også direktør ved the Global Justice Program, Yale.

– Det har vore ein stor debatt rundt menneskerettar, der ein er samde om at klimaendringar er ei sak som dreier seg om nettopp menneskerettar, seier Jaap Spier, rådgjevande advokat ved den nederlandske høgsterett. Han er også æresprofessor ved Universitetet i Maastricht.

Resultatet vart Oslo Principles on Global Climate Obligations . Desse prinsippa oppsummerar og samlar nasjonane sine rettslege plikter til å førebygge klimaendringar.

Slik juristane skriv: ”Klimaendringar er en alvorleg trussel mot menneska, økosystem og livet på jorda, og truar global sikkerhet og økonomi. Globalt vert det større forståing for at business-as-usual ikkje er ein mulighet”.

Også i Noreg er det liknande initiativ. Høgsterettsadvokat og styreleiar i Norsk Klimastiftelse Pål Lorentzen har lenge hevda at grunnlovsparagrafen 112 inneber eit pålegg til styresmaktene om å bli meir ambisiøs i klimapolitikken.

 

Tap og skade i forhandlingane

Mange av verdas fattige land er dei som har minst høve til å førebu seg på klimaendringar. Dei har sluppe ut minst drivhusgassar, samstundes som det også er dei som vil merke global temperaturauke mest.

Dette er grunnen til at ein under klimaforhandlingane i Durban i 2011 vart samde om å opprette FNs grønne klimafond. Her bidreg dei rike landa til eit fond der fattige land kan søke om erstatning.

Men sjølv om alle landa ser at utviklingslanda treng hjelp til å handtere klimaendringar, er landa redde for å innrømme dette. Frykta for erstatningssøksmål gjer at det er vanskeleg å få til juridisk bindande avtalar.

Slike paradoks har denne veka fått land som USA til no å gå med på å forsterke togradersmålet, med føre opp eit mål for global temperaturauke på 1,5 grader. ”USA bruker også 1,5-gradersmålet for å unngå noe landet absolutt ikke vil godta i en avtale, nemlig erstatningsansvar for klimaskader i fattige land”, skriv Kjetil Alstadheim i Dagens Næringsliv.


- Vår tids dumskap

Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret og professor i oseanografi ved UiB har sansen for at internasjonale ekspertar set fokus på menneskerettar og internasjonalt lovverk i klimasaka:

– Det er mange moralske, etiske og også juridiske problemstillingar forbunde med dei klimaendringane som me i dag er vitne til. Kva rett har den rike delen av verda til å skape klimakatastrofar som i all hovudsak vil råka den fattige delen av verda, dei som i liten grad har bidrege til problema og som i endå mindre grad er i stand til å tilpasse seg klimaendringane? Og kva rett har folk i dag til å sette i gong prosessar, til dømes ørkenspreiing og havstigning,  som vil skapa store vanskar for fleire titals generasjonar framover? Historias dom over vår tids dumskap kan koma til å bli nådelaus, seier Furevik.

 

Les også: Kritisk til FNs tusenårsmål