Kommentar av Helge Drange i Dag og Tid fredag 25. oktober 2012
Togradersoptimismen er lite utbreidd i dagens klima. Men det finst unntak. I siste utgåva av Dag og Tid kunne vi lesa at klimadirektør i Statoil Hege Marie Norheim argumenterer for å halda oppe leiting og utvinning av olje og gass – i alle fall fram til 2050 – og at dette skal vera i tråd med togradersmålet. Meir om det seinare.
Nyleg nådde CO2målingane på Zeppelinfjellet på Svalbard ein verdi på 400 milliondelar. Ein tilsynelatande liten, men like fullt skremmande høg verdi. Så mykje CO2 er det i lufta i dag
at vi i alle fall må åtte hundre tusen år attende i tid, kanskje tre millionar år, for å finna tilsvarande situasjon. Auken har – i all hovudsak – si årsak i brenning av kol, olje og gass.
Hadde CO2molekyla i seg sjølv vore helseskadelege eller hatt farge eller lukt, hadde det vore slutt på menneskeskapte CO2utslepp for lengst. Men det er tilsynelatande ikkje frykt for ein fare som vanskeleg kan sansast. Rett nok kjenner vi til kva forskinga seier: at vi er i ukjent territorium, med uavklåra følgjer for menneske, samfunn og økosystem. Men gamal vane, makt og kortsiktig avkasting held seg til det kjende og handgripelege.Difor styrer vi med attlatne augo og nyttar atmosfæren som eit tilnærma fritt, utømmeleg avfallsdeponi.
Hadde tryggleiksmarginane i Nordsjøen vore sette til 80 prosent, hadde få teke helikopteret til olje og gassfelta i vest. Kva svarar ein slik låg tryggleiksmargin til i forvaltinga av vår felles planet og framtid? Skal temperaturen på jorda avgrensast til to grader oppvarming i 2100 samanlikna med førindustriell tid, og dersom vi tillèt at det er 80 prosent sannsynleg for at dette vil skje, seier faglitteraturen at vi kan frigjera om lag 150 milliardar tonn karbon mellom i dag og 2050. Om dette høyrest mykje ut, så er det ikkje det. Tvert om. 150 milliardar tonn karbon svarar til sytten år med brenning av kol, olje og gass på dagens nivå. Etter det er det stopp.
Med så liten margin for å nå togradersmålet slår det internasjonale energibyrået IEA fast at
dersom ikkje utsleppa går ned frå og med i dag, kan ny fossilbasert energiproduksjon ikkje starta etter 2017. Det same energibyrået har kome fram til at dei globale CO2utsleppa auka med rekord høge tre prosent i 2011. Dette, saman med mangel på internasjonale avtalar, gjer det ikkje særleg sannsynleg med omgåande reduksjonar av karbonutsleppa.
Alt dette er velkjent eller burde vera det.
Statoil må gjerne forsvara eiga verksemd med at verda treng energi. Men å argumentera for at all Statoilaktivitet er i tråd med togradersmålet, er ei misforståing. Klimaendringane er drivne av faktiske klimagassutslepp og naturlovene, ikkje retoriske grep eller omsynet til
kortsiktig avkasting.
Skal vi unngå omfattande, langvarige og ikkjeopprettelege klimaendringar, trengst det nye tankar og andre mål. Opninga av olje og gasseventyret i 1971 er éin ting, framhald av det same tankegodset 41 år seinare noko anna.
Eller for å sitera første setning i 2011rapporten frå IEA, som Statoil gjerne nyttar som støtte for auka olje og gassproduksjon: «If we don’t change direction soon, we’ll end up where we’re heading.»