Body
10. desember gjekk Elin Darelius, Kjetil Våge, teknikar Helge Bryhni og student Mari Jensen (alle frå UiB) ombord i isbrytaren "Ernest Shackleton" i Cape Town. I sju veker blir dei ombord i båten, før dei kan ta fatt på heimreisa frå Falklandsøyene i slutten av januar.
Toktet er ein del av Weddell-prosjektet , og formålet er å sette ut og hente opp riggar med måleinstrument, for å studere korleis det superkalde vatnet under iskappa i Antarktis vert danna.
Omtrent ein gong i veka vil Elin sende heim tekst og bilder til bloggen.
Her kan du lese det første bidraget: http://blogg.bt.no/preik/2012/12/15/antarktis-bloggen/#.UM8EupPm6Nt
Les også BT si sak om toktet og bloggen