Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Containerskipet Nuka Arctica er eit av ICOS-infrastrukturens VOS (voluntary observation ships) som samlar verifiserbare data.

Gode data er viktige

Både forsking og forvaltning tener på kvalitetssikra målingar av karbonkrinsløpet.

Body

Korleis veit me kor mykje klimagassar som blir slept ut? Korleis veit vi at klimatiltak fører til utsleppskutt? Dette er utgangspunktet for forskingsinfrastrukturen ICOS – International Carbon Observatory System.

Målet er å gjere forskarar og forvaltning betre i stand til å samarbeide om nytting av kunnskapen som produserast i målenettverket til ICOS, for å verifisere norske, så vel som internasjonale, klimagassutslepp av blant anna metan og karbondioksid.

– Havet blir surare stort sett over alt i ICOS-området, men det er ofte store lokale og regionale forskjellar, seier Ingunn Skjelvan, forsker II ved Uni Research Klima og Bjerknessenteret.

Ho er med i fleire prosjekt som nyttar data frå ICOS-målestasjonar for å måle karbonsyklusen, blant anna i norske fjordar og Nord-Atlanteren.

Ein av målestasjonane plassert ombord på VOS (voluntary observation ship) i ICOS-nettverket. (Foto: Andreas H. Opsvik/Bjerknessenteret)
Ein av målestasjonane plassert ombord på VOS (voluntary observation ship) i ICOS-nettverket. (Foto: Andreas H. Opsvik/Bjerknessenteret)

Små endringar og det større biletet

– ICOS-data blir brukt til å studere korleis den marine karbonsyklusen varierar i tid og rom, mellom sesongar, frå område til område, og frå år til år. Sesongvariasjonane er naturlege og ofte store, medan dei menneskeskapte endringane – som meir CO2 i atmosfæren og i havet og høgare temperatur – er små og kan lett gøymast av store naturlege variasjonar.

Skjelvan seier at gode målingar frå fleire ulike områder over lengre tid er viktige for å halde oversikten over kvar karbondioksidet havnar, og korleis høgare opptak av CO2 forsurar havet. ICOS-infrastrukturen legg til rette for å både sjå dei små endringane, og det større biletet, og den visar at det noverande forsuringa er raskare enn noko anna periode i jordas historie.

– Kystnære strøk, der variasjonen i karbonsystemet er stor, har ofte for få målingar til å talfeste trendar i havforsuringa, men dette vil betre seg når fleire data er samla inn gjennom ICOS og andre program.

– Karbonutslepp er ein begrensa ressurs

– Det er viktig å sjå på karbonutslepp som ein begrensa ressurs, og som alle begrensa ressursar må den overvakast, seier Are Olsen, professor ved Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen

Han er ansvarleg for målestasjonen ombord på containerskipet Nuka Arctica, nyleg oppgradert til ICOS-stasjon, som måler klimagassar i rute mellom Danmark og Diskobukta på Grønland, og blant anna leverar data til havforsuringsforskninga, og det globale nettverket.

– Innan 5-10 år har vi nådd kvoten for å halde oss under togradersmålet – og då er det viktig å kunne talfeste karbonsyklusen i Nord-Atlanteren ned til 0,5 gigatonn.

På seminaret Hvordan styre utslippene? den 12. juni, i regi av Miljødirektoratet og Bjerknessenteret, blir det foredrag om bruk av ICOS-data i forsking, forvaltning og politikkutforming, deriblant Olsen om ICOS-talfesting av CO2-opptak, og Skjelvan om korleis dei nyttar desse data i forskinga på havforsuring.