– Dette er heilt fantastisk - og samtidig heilt utruleg. Det må nok gå nokre dagar før eg heilt skjønar kva det betyr. No kan dei store tankane som eg utvikla i søknaden faktisk omsetjast på ekte. Eg gledar meg svært, seier Sodemann til UiB då tildelinga var offentleg tidleg denne veka.
Han får støtte for prosjektet "Isotopic links to atmospheric water's sources", som blant anna ser nøyare på vatnet sitt krinsløp, med mål om å lage modellar for betre å forstå kva som påverker nedbøren. Sentralt i prosjektet er bruk av målefly for å følgje krinsløpet i Norskehavet.
Sodemann er meteorolog og har lenge arbeidd med prosessar og mekanismar i atmosfæren og vatnets krinsløp. Ved å nytte stabile isotopar i vatn kan ein hente ut informasjon om kvar vatnet kjem frå. Les meir om arbeidet hans her: Om dryppsteiner i alpelandskap som forteller omtormbaner i endring under siste istid, og om hvordan algeoppblomstringer til havs kan påvirke matjorden.
I årets tildeling av Consolidator Grants frå det Det europeiske forskningsrådet, var tre forskarar på UiB blant dei som vann fram. Harald Sodemann, professor på GFI og Bjerknessenteret får no den høgthengande forskningsstøtta, saman med Jill Walker Rettberg og Thomas Arnesen.
Frå før har Bjerknessenteret fem forskarar og prosjekt tilknytta på Bjerknessenteret fått ERC stipend:
2014 Ice2ice, Eystein Jansen og Kerim Nisancioglu, ERC Synergy Grant
2014 Nele Meckler, ERC Starting Grant
2015 Noel Keenlyside, ERC Consolidator Grant
2017 John Birks, ERC Advanced Grant
2017 Hans Christian Steen-Larsen, ERC Starting Grant
2017 Harald Sodemann, ERC Consolidator Grant