- Endeleg, dette er ein topp dag. Me har brukt to år på å bygge opp dette opp, handle instrument og få innstallert alt. No er me i gang, seier Jostein Bakke på veg opp trappene frå kjellaren i Realfagbygget.
På slep kjem ei lang rekke geologar på insituttet, instituttleiarar, senterleiarar, forskarar på andre institutt og søsterinstitusjonar. Saman med Eivind Støren viser han fram dei nye instrumenta som er spredd i ulike rom i kjellaren på Realfagbugget og på Institutt for Geoviskap i Realfagbyggets 3. etasje.
Heile dagen har dei vore samla til seminar, blitt servert døme frå forskninga dei nye instrumenta skal brukast til.
Toppmoderne infrastruktur for sedimentanalyse
Jostein Bakke er professor ved Institutt for goevitskap, og har ein visjon om å etablere ikkje mindre enn eit nasjonalt laboratorium av internasjonalt format.
I 2014 gav Norges Forskningsråd 16 millionar kroner til Earth Surface Sediment Laboratory (EARTHLAB) som eit infrastrukturprosjekt. Bevilgninga inkluderer ni nye instrument og teknisk personell i tre år, pluss ein phd.stilling til laboratorieeksperiment.
Les meir om det tekniske innhaldet i EARTHLAB her
EARTHLAB – Sediments
- Sediment scanning
- Grain size
- XRD
EARTHLAB – Chronology
- Lead 210 dating
- Uranium- series chronology
- Preparation lab for cosmogenic dating
EARTHLAB – Magnetics
- Environmental magnetism
EARTHLAB – Field equipment
- LIDAR scanner
- Geotechnical equipment
- Coring devices