Understanding climate
for the benefit of society

Over 140 millionar kroner til Bjerknes-forskarar

Klimakunstutveksling, arktisk is, sykloner, norske fjordar og mykje meir! Til saman 12 prosjekt leia av Bjerknes-forskarar fekk i dag støtte av Norges Forskningsråd.

Body

– Dette er fantastiske nyheiter!, seier direktør for Bjerknessenteret Tore Furevik.

– Dette viser at vi er lengst framme i landet på klima- og polarforsking, som lovar godt for fortsetjinga til Bjerknessenteret. Det er kjekt å sjå at det også er yngre forskarar blant prosjektleiarane.

I tildelinga for Stort, tverrfaglig prosjekt fikk professor Kerim Nisancioglu ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret eitt av tre prosjekt. Prosjektet er et tverrfaglig samarbeid over fleire fakultet på Universitetet i Bergen, blant annet med professor Eamon O'Kane ved Fakultet for Kunst, Musikk og Design, men også SV- og HF-fakultetet.

Barn og unge frå Valestrand i Noreg og Sylhet i Bangladesh viser fram klimakunst dei har laga. (Foto: Mathew Stiller-Reeve)
Barn og unge frå Valestrand i Noreg og Sylhet i Bangladesh viser fram klimakunst dei har laga. (Foto: Mathew Stiller-Reeve)

– Det er jo radikalt tverrfaglig! Sentralt i prosjektet er det å utveksle erfaringar gjennom kunst, å forklare, skrive og teikne klimafortellinger med barn og unge på Grønland og i Stillehavet. Vi skal forstå og lære av dei som bur og lever med det i dag, endringane som er der allereie. Vi lærer av dei, det er det som er viktig, seier Nisancioglu.

  • Kerim Nisancioglu, professor ved Institutt for geovitenskap, UiB og Bjerknessenteret, Exchanging local narratives and scientific understanding of climate changes in indigenous communities of Greenland and the southwest Pacific – tildelt 24 453 000 kroner.

Sju prosjekt er tildelt pengar for Forskerprosjekt 

  • Heiko Goelzer, forsker ved NORCE og Bjerknessenteret, GREASE Greenland ice sheet evolution and stability – tildelt 11 220 000 kroner
  • Bjørg Risebrobakken, forsker ved NORCE og Bjerknessenteret, ABRUPT Abrupt Arctic Climate Change – tildelt 12 000 000 kroner
  • Stijn de Schepper, forsker ved NORCE og Bjerknessenteret, ARCHIE – Late Quaternary Antarctic cryosphere interactions – tildelt 12 000 000 kroner
  • Thomas Spengler, professor ved Geofysisk Institutt, UiB og Bjerknessenteret, Bias Attribution Linking Moist Dynamics of Cyclones and Storm Tracks – tildelt 11 998 000 kroner.
  • Shengping He, forsker ved Geofysisk Institutt, UiB og Bjerknessenteret, Climate response to a Bluer Arctic with increased newly-formed winter Sea ICe (BASIC) – tildelt 12 000 000 kroner.
  • Alistair Seddon, førsteamanuensis ved Institutt for biovitenskap, UiB og Bjerknessenteret, Quantitative estimates of past UV-B irradiance from fossil pollen – tildelt 10 315 000 kroner.
  • Einar Örn Ólason, forsker ved Nansensenteret og Bjerknessenteret, Multi-scale Sea Ice Code – tildelt 8 552 000 kroner.

I tillegg fekk fire prosjekt pengar gjennom FRIPRO, Forskingsrådets utdeling for banebrytande forsking:

  • Elin Darelius, førsteamanuensis ved Geofysisk Institutt, UiB og Bjerknessenteret, FJO2RD: The effect of climate change on the deep water renewal frequency of Norwegian fjords – tildelt 12 000 000 kroner.
  • Lise Øvreås, professor ved Institutt for biovitenskap, UiB og Bjerknessenteret, TERRA Thawing permafrost in the High Arctic: Understanding climate, herbivore and belowground feedbacks – tildelt 12 000 000 kroner
  • Hans Christian Steen-Larsen, forsker ved Geofysisk Institutt, UiB og Bjerknessenteret, Isotopic Transfer Rates During Water Phase Changes – tildelt 11 998 000 kroner.
  • Laurent Bertino, forsker ved Nansensenteret og Bjerknessenteret, Thickness of Arctic sea ice Reconstructed by Data assimilation and artificial Intelligence Seamlessly – tildelt 11 547 000 kroner.