Understanding climate
for the benefit of society

Fulbright Arctic Chair Award til Jostein Bakke

Å hente presis informasjon om vindfelt, nedbør og temperatur med dei same metodane frå to polar samstundes, har aldri vore gjort før. Det vil Jostein Bakke og forskargruppa hans no gjere, med midlar frå Fulbright Arctic Chair Award og NFR. 

Body

Fortidas klimaendringar i polområda kan vere nøkkelen til å forstå korleis framtidsklimaet vil verta. Presise anslag på temperatur og nedbør frå høge breiddegrader er vanskeleg å framskaffe utover det ein har av instrumentelle målingar attende til om lag 150 år. Eit nytt forskingsprosjekt ”Shifting Climate states of the Polar Regions” tek sikte på å fylle dette kunnskapsholet ved å innhente data med dei same metodane frå to hemisfærar samstundes. Dette kan mellom anna kan gje svar på kva som er dei grunnleggjande drivkreftene i klimasystemet over lengre tidsskalaer.  Forskargruppa vonar å skaffe meir robuste data for kva som er naturleg klimavariabilitet i polområda og kva som kan tilskrivast menneskeleg aktivitet.

 

Leiaren for forskargruppa, Jostein Bakke fekk nyleg på den prestisjefulle Fulbright Arctic Chair Award noko som opnar opp for eit tettare samarbeid med amerikanske forskar i Arktis.

 

– Eg er audmyk og takksam for å bli tildelt denne høgt hengjande prisen som eg ser på som ei anerkjenning av det arbeidet eg har gjort for å betre forståinga av korleis brear har endra seg bakover i tid og korleis slike endringar kan koplast til klimatiske svingingar, seier Jostein Bakke, fyrsteamanuensis ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret.

 

Bakke ser også på Fulbright Arctic Chair som ein eineståande sjanse til å bygge varige nettverk med leiande forskarar i USA, mange av utfordringane med forsking i Arktis er kytt til logistikk og tilgang til utstyr, samarbeid over landegrenser er difor avgjerande for om ein skal lukkast. Gjennom ordninga skal Bakke vere eit halvt år ved Climate System Research Center, ved Universitetet i Massachussets, eit av dei fremste forskingsentra for Arktisk forsking i USA. Forskarane her er verdsleiande på å utvikle metodar for å lage lengre tidsseriar og klimarekonstruksjonar som går utover dei instrumentelt målte tidsseriane, som er dei siste 150 åra.  

 

– I år markerer vi Noregs lange tradisjonar innan  polarforsking gjennom feiringa av dei store polheltane Amundsen og Nansen. Det vi gjer som aldri har vore gjort før, er å framskaffe presis informasjon om vindsystema, nedbør og temperatur med dei same metodane frå to polar samstundes. Med denne framgangsmåten kan ein gjere samanlikningar av klimautviklinga frå to hemisfærar med svært høg presisjon, seier Bakke.

 

– Me vonar at Bakke sine aktivitetar i polområda samt tildelinga av Arctic Chair Award ytterlegare kan forsterke Universitetet i Bergen sin posisjon som leiande på arktisk og antarktisk forsking. Både dei geofaglege og geopolitiske utfordringane knytt til Arktisk er store og krev langsiktig og koordinert forskingsinnsats, seier Gunn Mangerud, instituttleiar ved Institutt for geovitenskap.   

 

– Vi er svært takknemlige for at Utenriksdepartementet med sin støtte til Arctic Chair stipendet så tydelig understreker betydningen av kunnskap og  forskningssamarbeid med andre land for å løse felles utfordringer, seier Petter Næss, dagleg leiar ved Fulbrightkontoret.

 

Kontaktpersonar:    

Førsteamanuensis Jostein Bakke, Jostein.Bakke@geo.uib.no, tlf: 99273343

Professor Gunn Mangerud, Gunn.Mangerud@geo.uib.no, tlf: 97557137

Dagleg leiar Fulbright Petter Næss, petter@fulbright.no, tlf: 22014013

Fulbright Norway
Fulbright International Educational Exchange Program