Understanding climate
for the benefit of society

GFI West wing. Photo: Gudrun Sylte
GLADDAG: UiB fekk full uttelling for sin søknad om finansiering til oppussing av vestfløyen på GFI. Prosjektet er rekna til å ta to år. Foto: Gudrun Sylte. 

35 millionar til Vestfløyen

Kunnskapsdepartementet gir 35 millionar kroner oppussing av Geofysen. Det gjer at arbeidet med det ærverdige bygget kan gå i gang med det samme. 

Body

Sidan Bjerknessenteret vart SFF i 2002, har det eksistert planar om samlokalisering av klimamiljøet i Bergen. Dei siste åra har det blitt utforma konkrete planar for ei samlokalisering i Vestfløyen på Geofysisk institutt, som har stått tom sidan 2010.

– Det er veldig gledeleg at me endeleg kan samlokalisere universitetsdelen og Uni Research-delen av Bjerknessenteret. Me har venta lenge på dette, og planar har blitt lagt sidan Vestfløyen stod tom i 2010. Eg vil gje ein stor takk til UiB-leiinga og lokale politikarar som har pressa på for å få dette gjennom, og ein særleg takk til min forgjengar Eystein Jansen for iherdig arbeid for samlokalisering over mange år, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret.

Kunnskapsdepartementet gir 35 millionar kroner oppussing av Geofysen. Det gjer at oppussing av det ærverdige bygget kan gå i gang med det samme. 

Full uttelling for søknad

Kunnskapsdepartementet satte i haust av 75 millionar kroner til oppgradering av universitetsbygg. Tore Furevik og Eystein Jansen utforma saman med UiB Eiendomsavdelingen ein søknad til departementet for oppussing av Vestfløyen.

Departementet har delt summen i to, der 35 millionar kroner går til samling av klimamiljøet i Bergen, og 40 millionar kroner går til NTNU der bioteknologimiljøet skal samlast i Kjemiblokk 3.

– Med denne oppgraderinga kan UiB samle Nordens framste og største miljø innan klimaforskning. Desse miljøa har til no sitte spreidt i dårlige og slitte lokaler, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei melding på regjeringen.no


Eystein Jansen, som var direktør for Bjerknessenteret gjennom 13 år sidan oppstarten, har gjennom heile perioden jobba for ei samlokalisering.

– Eg er letta over at det endeleg ser ut til å vere nok finansiering til å gå i gang. Me har venta alt for lenge på dette, og no får Bjerknessenteret nye høve til å utvikle spanande synergiar og tettare integrert forsking. Bjerknessenteret har blitt ein suksess trass spredte og kummarlege arbeidsforhold. Når ein no får samla miljøet, må det bli enda betre forsking, seier Jansen.

 

Ferdig i 2017

Det totale budsjettet for oppussing av Vestfløyen er på 70 millionar kroner. UiB-rektor Dag Rune Olsen seier til Bergens Tidende at resten av summen skal universitetet klare å skaffe. Arbeidet kan starte opp umiddelbart, melder BT.

Vestfløyen vil ha moderne lokaler med ein-, to- og firemannskontor. Det blir store, åpne fellesområder og møterom. Ta ein kikk på planteikningane her.

Det er satt av to år til oppussinga. Dersom alt går etter planen, kan forskarane flytte inn i 2017.

Trond Dokken, forskningsleiar ved Uni Research Klima ser fram til å flytte til Vestfløyen, men hadde gjerne sett at alle dei fire partnarane i Bjerknessentret kunne flytte under samme tak:

– Eit mål har heile tida vore å kunne samlokalisere større delar av Bjerknessenteret. Det har gått veldig mange år, og det er gledeleg å sjå at dette no kan realiserast. Personleg skulle eg ønske at heile Geofysen kunne få si fortente rehabilitering, og at langt større delar av klimaforskinga kunne sitte i same bygg, inkudert både UiB, Uni Research Klima, Nansensenteret, og kanskje delar av HI. Geofysen fortener å skine og vere eit symbol på dei lange historiske tradisjonane som dette bygget representerer. Klimaforskinga i Bergen er unik og representerer langt på veg noko av det mest kompetente forskingsmiljøet vi har i Noreg.

Også vertskapet, leiar ved Geofysisk institutt Nils Gunnar Kvamstø gler seg over dagens oppløftande melding: 

– Eg er svært glad for at samlokalisering endeleg vert realisert. Dette har me venta på heilt sidan starten av Bjerknessenteret. Allereie då såg me at det var viktig å samlokalisera klimaforskninga i Bergen. Sidan har me ikkje berre fått bekrefta dette gjennom kjedelige utfordringar med den distribuerte løysinga som har vore fram til no, men også gjennom fleire internasjonale evalueringer har peikt på at samlokalisering er viktig for å utvikla oss vidare. No gler vi oss veldig til å ta i bruk Vestfløyen.